Skogsløp med skyting 22 sep. 2005
I ausande regn og vakre haustfargar vart det også i år helde klubb-meisterskap i skogsløp m/skyting. Løypa bestod av tette kratt, fossande bekkar og lange sugande myrar. Det oppmuntrande var at heile 18 deltakarar og kom seg meir eller mindre levande gjennom løypa.
Vinnar og klubbmester 2005 vart primusmotor og alltid raske Nils G. Hamre. I år var han ikkje berre rask, som einaste deltakar med fullt hus var han også treffsikker.
I dei yngre klassane var det tett mellom dei forskjellige klassevinnerane. Beste resultat stod Knut Ivar Lono for i klassen rekrutt gutar. Berre slått av Olav Saltvold i løypa, men med god skyting vart det ein klar siger. Margit Karin  Botnen vant klassen rekrutt jenter. Også her var det sikker skyting som sikra sigeren framfor ei rask Sara Drangevåg.

Resultata finn du her...

 

 

 

 

 




 

Røldal Skyttarlag
- copyright©roldal-skyttarlag.com -

made by Kjesabadlen Webdesign Inc